Etter eit år med Korona pause var det ein veldig spent gjeng som møttes til årets JuleØlSmakestria. Michael, som hadde fått to år på å planlegge, var vertskap. Me var neste fulltallig ikkje alltid det passer for alle dessverre, så Erik som var på havet deltok på deler av arrangementet via Facetime.
Julebokken smaker fantastisk som alltid og setter stemninga med ein gang. Reglementet blir lest opp, viktig å friske det opp, me har jo gått glipp av eit år. Referatet fra 2019 blir lest opp, eller prøvd å lesa opp. JØSS har 20 års jubileum i 2022 og me vedtar at da skal me verkeleg slå på stortromma.
Maten blir servert. Michael disker opp med klassikeren » Svenske kjøttbollar» med poteter og en fantastisk saus. Me har lært over dei siste åra at grønsaker driver ikkje Michael med. Til dessert blir det karamellpudding med rødsaus, Michael trur fortsatt at han serverte «prinsessepudding»
Testinga er i gang og det virker ikkje som me har gått glipp av eit år. Her er det gode betraktninger, vise kommentarer og ølet blir behørig testa.
Veldig bra kvalitet på ølet i år det er veldig jevnt bak Hansa som er ganske suveren. Hansa har vært ganske suveren etter nokre nye medlemmer kom inn med veldig stor lokalpatriotisme.
Det er litt frafall utover kvelden, når «Posteludium» blir servert er me ikkje lenger fulltallig. Det er ein hard kjerne igjen når Michael avslutter ein fantastisk kveld med nattmat i halv tre tida.